Øye Maskin AS har delelager, butikk og eit godt utstyrt verksted med dei mest moderne hjelpemiddel.
Øye Maskin AS vart etablert i 1977 og har sidan starten drive med sal, service og reparasjon av traktorar, landbruksmaskiner og utstyr til landbruket, kommunar og maskinentreprenørar.
Gjennom snart 50 år har verksemda utvikla seg frå eit lite serviceverkstad i garasja hos Nils Arne Øye til ein etablert maskinforhandlar med delelager, butikk, godt utstyrt verkstad, servicebilar og lastebil med kran.
Vi har dyktige medarbeidarar med lang erfaring og god fagkunnskap. Service og oppfølging av kundane våre har alltid vore ein viktig del av verksemda, og vi arbeider kontinuerleg for å kunne tilby god service, rask oppfølging og gode løysingar.
Traktorar og landbruksmaskiner
Øye Maskin AS har lang erfaring med CLAAS og starta sal av CLAAS gras- og fôrmaskiner i 1993. CLAAS er ein av Europas leiande produsentar av landbruksmaskiner, og merket er ein viktig del av produktprogrammet vårt.
Vi tilbyr eit breitt utval av traktorar, gras- og fôrmaskiner, jordarbeidingsutstyr og anna landbruksreiskap. Vi fører også andre kvalitetsmerke som kompletterer produktprogrammet vårt.
Vi er forhandlar av LOVOL traktorar, og tilbyr traktorar i ulike storleikar og spesifikasjonar tilpassa både landbruk, entreprenørverksemd og andre bruksområde.
Gravemaskiner, minilastere og entreprenørmaskiner
Øye Maskin AS er forhandlar av SANY gravemaskiner. SANY er ein av verdas store produsentar av anleggsmaskiner og tilbyr eit breitt program av gravemaskiner og andre entreprenørmaskiner.
Vi tilbyr også Trejon minilastere med eit breitt utval av redskap og utstyr. Minilasterane passar godt til både landbruk, entreprenørverksemd, kommunar, vaktmeistertenester og andre oppgåver der ein har behov for ein kompakt og allsidig maskin.
Med SANY og Trejon i produktprogrammet kan vi tilby gode løysingar for både større og mindre entreprenør- og vedlikehaldsoppgåver.
ATV, UTV og XTV
Øye Maskin AS er forhandlar av fleire produkt frå Erling Sande AS innan terrengkjøretøy.
Vi fører Hisun og Argo ATV, UTV og XTV, med modellar som passar både til arbeid, landbruk, jakt, friluftsliv og andre krevjande bruksområde.
Hisun har eit breitt program av både bensin- og elektriske UTV-modellar. Dei elektriske UTV-modellane gir eit stillegåande og utsleppsfritt alternativ for mange arbeidsoppgåver, og passar godt til mellom anna landbruk, eigedom, kommunale oppgåver og andre bruksområde.
Vi tilbyr også QJ Motor ATV med modellar for ulike bruksområde.
For dei som ønskjer elektrisk ATV, fører vi også NIU elektriske ATV-ar.
Vi kan tilby eit breitt utval av tilbehøyr og utstyr til ATV og UTV, slik at kjøretøyet kan tilpassast ulike arbeidsoppgåver og bruksområde.
Redskap og utstyr
Vårt redskaps- og utstyrsprogram består av kvalitetsprodukt frå kjende produsentar i inn- og utland. Vi har lang erfaring med utstyr til både landbruk, entreprenørverksemd, kommunar og vintervedlikehald.
I produktprogrammet vårt finn du mellom anna:
Vi arbeider kontinuerleg med å tilby eit produktprogram som dekkjer dei viktigaste behova til kundane våre. Ta kontakt med oss dersom du er på jakt etter ei bestemt maskin eller eit bestemt redskap – vi hjelper deg gjerne med å finne den rette løysinga.
Verkstad, delar og service
Eit godt utstyrt verkstad og eit velfylt delelager er ein viktig del av Øye Maskin AS. Vi har moderne hjelpemiddel, servicebilar og lastebil med kran, og kan utføre mykje av arbeidet både på verkstaden og ute hos kunden.
For oss er det viktig at kunden får god oppfølging også etter at maskina er levert. Vi legg derfor stor vekt på rask og kompetent service, tilgang på delar og god oppfølging gjennom heile maskina si levetid.
Lang erfaring – med blikket framover
Øye Maskin AS vart starta av Nils Arne Øye i 1977. Verksemda starta i garasja med service og reparasjonar, og har gjennom åra utvikla seg til ein etablert maskinforhandlar med butikk, delelager, verkstad og eit breitt produktprogram.
Øye Maskin AS starta sal av CLAAS gras- og fôrmaskiner i 1993. I 2005 gjekk Lantmännen Maskin AS frå CASE til CLAAS og VALTRA, og Øye Maskin AS vidareførte samarbeidet med CLAAS. Frå oktober 2016 vart importen av CLAAS traktor og redskap overført til Norwegian Agro Machinery AS.
I dag har Øye Maskin AS eit breitt produktprogram som omfattar traktorar, landbruksmaskiner, gras- og fôrmaskiner, gravemaskiner, minilastere, ATV, UTV, XTV og eit stort utval av redskap og utstyr.
Vi er stolte av historia vår, men er samtidig opptatt av å utvikle oss vidare og tilpasse oss nye behov, ny teknologi og utviklinga i marknaden.
Øye Maskin AS er medeigar i Husdyr Systemer AS.
Salgsområde
Vårt primære salgsområde for CLAAS og andre produkt frå Norwegian Agro Machinery er nordre del av Vestland fylke, nord for Nordfjorden, samt delar av Møre og Romsdal sør for Moldefjorden.
For andre produkt, samt nye og brukte maskiner, har vi kundar over heile Norge.
Vi sel både nye og brukte traktorar, landbruksmaskiner, gravemaskiner, minilastere, ATV, UTV og reiskap.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål, treng service, delar eller er på jakt etter ny eller brukt maskin. Vi gjer vårt beste for å finne ei god løysing for deg!
Hvis du ønsker å avskrive en investering i samme tempo som investeringen reduseres i verdi, kan leasing være et alternativ for deg.